Produkt | Products


 

Dersom du vil kjøpe produkt frå garden, kontakt oss her.

 

Økologiske jordbær av typen Zefyr og Polka er viktigaste produktet vårt. VI har både kassesal (seks kilo) og sjølvplukk. (For tida er det stor underdekking av jordbær i Tromsø-området, og vi er visstnok dei einaste med økologisk jordbær. Vi har dessverre ikkje sjans til å dekke opp behovet for jordbær.)

 

 

Potetsortane Gullauge og Mandel trivst svært godt i tang og tare som gjødsel. Vi pløyer render, legg ned gammalt gras, deretter settepoteten og legg så på tang og grev over. Det er rotningsprosessen som skapar gjødsla, og han skjer over heile vekstperioden. Smaken blir god og skalet blir tynt. Vi har òg mindre kvanta av potetsortane Troll, Ottar, Olsok, Kerrs Pink og Ringerikspotet.

 

Gulrotsorten vi brukar heiter Napoli. Ho blir søt og god av gjødslinga. For tida prøver vi ut nye sortar.

 

Salatane våre er primært Isberg og Romano. Dei blir sådde på friland, veks seint og blir sprø og gode. I tillegg har vi reddik (tidleg og seint i sesongen), bladpersille (seint), rucola salat, rabarbra, ulike lauksortar m.m.

 

If you want to purchase products form the farm, contact us here.

 

Ecological strawberries (of the Zephyr and Polka variety) are our most important product. We sell six kg cartons and offer self-picking options. There is currently a dearth of strawberries in the Tromsø area, and we are apparently the only farm with ecological strawberries. Unfortunately, we have no chance of meeting the strawberry demand.

 

 

Golden Eye and Almond Potatoes thrive very well when fertilized with seaweed. We plow the fields, put down old hay, seed the potatoes, and then place seaweed on top. The rotting process creates excellent fertilizer and quickens the growth process. The taste is excellent. We also have small quantities of Troll, Ottar, St. Olaf, Kerr’s Pink, and Ringerikspotet potatoes.

 

The carrot variety we use is from Naples. They are well-fertilized and sweet!

 

Our lettuce varieties are primarily Iceberg and Romain. They are planted in the open air, grow slowly, and are crispy and delicious. In addition, we have radish (early and late in the season), parsley (late), rhubarb, and various other salad vegetables.

© Copyright Nordvoll økologiske gard - Theme by Pexeto